Side:Tolstoi-boki.djvu/150

Denne siden er korrekturlest

tunet (vedrar). Nei, eg skal ikkje ha noko av det; lat meg berre vera! — Og so som dei hev fare med høyet! Øykjerne hev ikkje ete so mykje som dei hev trakka ned: eit heilt fangand, skal ein sjaa! — Den fenes sniken! Det er so det riv i nasa. Giv fanden hadde han! — (geispar). Det er nok paa tidi aa leggja seg; men ein idst ikkje gaa inn, desmeir. Nei det var daa satan til lukt! Kvar ein gjeng so hev ein ho midt i nasa. (Ein høyrer utanfraa sledar som kjøyrer burt). So kom dei daa avgarde. — Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola! Den eine prøver so godt han kan aa grava ei grav for den andre, og so er det berre faavise alt saman.

Nikita (fraa gangen). Mitritsch! Gakk no du og legg deg, so skal nok eg rydja upp.

Mitritsch. Godt. Lat sauderne faa høyet. — No, du vart daa kvitt gjesterne?

Nikita. Ja. Men det er reint gale med altihop. Eg veit slett ikkje kva det skal verta til.

Mitritsch. Aa skit! Kva vande er der med det? Der er daa baanestiftelsen. Eitt feitt kven som kastar ungen; dei tek han likevæl. Um der so kom aldri so mange, so er der daa rom nok. Ein kan faa pengar til, berre ein gjeng inn som baanefostre. Jau no til dags er det greidt nok.

Nikita. Mitritsch! Um der skulde henda eit kvart, so lat meg sjaa du held tann for tunge.

Mitritsch. Kva kjem det meg ved. Syt du berre for at ingen kjem paa faret. — Kor brenne-