Side:Tolstoi-boki.djvu/165

Denne siden er korrekturlest

hev han gjentungen i sekken; so spring han sjølv etter, radt paa hovudet, og so piskar han laust paa berre kroppen.

Anjutka. Kva piskar han med daa?

Mitritsch. Aa, han tek vel eit ris.

Anjutka. Men han kan daa ikkje sjaa det nede i sekken.

Mitritsch. Ver du trygg. Han ser nok det han skal sjaa.

Anjutka. Men so bit eg han.

Mitritsch. Nei, fluga mi, det læt du nok vera.

Anjutka. Bestefar, der kjem einkvan! Kven er det? Aa Herre Jesus, kven er det?

Mitritsch. Kjem det nokon, so lat dei berre koma. Det er vel mor di, tenkjer eg.

Anisja. Anjutka? (Anjutka læst sova). Mitritsch?

Mitritsch. Kva er det?

Anisja. Kva brenner de ljos etter? Me legg oss no me der inne.

Mitritsch. Eg vart fyrst no ferdig. Eg skal nok sløkkja.

Anisja (rotar i dragkista). Naar ein hev bruk for eitkvart, kan ein aldri fir ma det.

Mitritsch. Kva leitar du etter?

Anisja. Ein kross. Det maa daa døypast. Gud forbjo at det døyr fyrr det vert døypt. Det vilde daa vera stor synd, veit eg.

Mitritsch. Ja det er visst. Ein maa gjera som skikk og bruk er ... Fann du det?