Side:Tolstoi-boki.djvu/166

Denne siden er korrekturlest


Anisja. Ja, her er det (gjeng).

Mitritsch. Det var godt. Elles kunne eg gjerne ha gjeve henne mitt. Aa, Herre Jesus!

Anjutka (spring upp, og skjelv over all sin kropp). Aa, bestefar! sov ikkje! For Guds skuld! Det er so fælt!

Mitritsch. Naa, kva er det?

Anjutka. Eg trur plent det døyr. Mosyster Arina fekk og eit lite som bestemor døypte; det med døydde.

Mitritsch. Døyr det so vert det nok jorda. Kva er det so meir?

Anjuika. Men eg trur ikkje det døydde um ikkje Matrøna var der. Eg høyrde nok kva ho sa; misann!

Mitritsch. Kva høyrde du? Vil du no berre sjaa til og sova, seier eg! Smett hovudet ned under aaklædet, og lat so det vera godt.

Anjutka. Fekk det liva, so skulde eg visst stella med det!

Mitritsch. Aa Herre Jesus!

Anjutka. Kvar gjer dei so av det?

Mitritsch. Det kjem nok dit det skal; syt ikkje. Sov no berre, seier eg. No kjem mor di strakst, — ho skal gi deg, kan du tru!

Anjutka (etter ei togn). Den vesle gjenta du fortalde um nyst, henne slo dei daa ikkje ihel?

Mitritsch. Naa, ho? Nei, ho kom godt fram.

Anjutka. Kor var det so, bestefar, du fortalde at de fann henne?