Side:Tolstoi-boki.djvu/167

Denne siden er korrekturlest


Mitritsch. Me fann henne — rett og slett.

Anjutka. Ja, men kvar? Fortel.

Mitritsch. Jau, me fann henne der i eit hus. Me kom inn i landsbyen, ser du. Soldatarne traska um og nasa inn i kvart hus, og der saag me so den vesle ungen. Ho laag velte seg paa magen, og me skulde nett til aa gjera det av med henne. Men med ein gong vart eg so rar i hug. Eg vilde ta ho paa armen, men sjaa um ho gav seg! Ho gjorde seg so tung som ein stein og haka seg fast med henderne i alt det ho berre kunne faa fatt paa, so eg nær aldri hadde fenge rive henne laus. Endeleg fekk eg henne daa upp og gav meg til aa klappa henne paa hovudet. Ho var so skurvutt som eit pinnsvin og skreik alt det ho orka; men eg klappa og klappa, og tilsist vart ho roleg. Eg bløytte ein kavring og gav henne. Jau det forstod ho daa, og gav seg til aa gnavla paa han. Kvar skulde me gjera av henne? So tok me henne med oss. Me stelte og passa henne, og ho vande seg so til oss at ho fylgde med oss heile tidi so lenge ufreden varde. Jau, det var ein nett liten unge.

Anjutka. Men ho var daa ikkje døypt ?

Mitritsch. Det er ikkje godt aa seia. Eg trur nok ikkje sodan regtigt; for ho var ikkje av vaare landsmenn.

Anjutka. Kanskje var ho ein tyskar?

Mitritsch. Jau visst! Ein tyskar! Nei ingen tyskar, men ein asiat. Dei er plent som jødar,