Side:Tolstoi-boki.djvu/169

Denne siden er korrekturlest

dei hev ilt fyre med det vesle. Dei tek livet av det. Og det er so lite, — aa! (stikk hovudet heilt ned under aaklædet og grat).

Mitritsch (lyer). Jaggu hev dei einkvar fensdomen fyre, — skam faa dei! Dei satans kjeringarne! Dei kan daa aldri dy seg. Ille nok naar manfolk gjev seg av med slikt; men naar fyrst kjeringarne kjem med i spelet .... dei er som ville dyr; dei er ikkje rædd for nokon ting.

Anjutka (reiser seg heilt upp). Bestefar, bestefar!

Mitritsch. No, kva er det?

Anjutka. Her um dagen kom det ein mann som laag her um natti. Han fortalde, at naar eit lite barn døyr, gjeng sjæli beint til himmelen. Er det sant?

Mitritsch. Det skal Gud vite. Det er rimelegt nok. Kvi spør du um det?

Anjutka. Jau, for so var det godt um Vaarherre vilde taka meg (græt).

Mitritsch. Tek Vaarherre deg, so er der berre ein mindre av din likje.

Anjutka. Fyre tiaarsalderen kan sjæli gaa beinast til Vaarherre; men sidan vert ho utskjemd, ikkje sant?

Mitritsch. Jau, det kan nok vera! Kor skulde vel du og slike ikkje verta utskjemde? Kven er det vel som lærer dykk noko? Kva ser elder høyrer de vel anna en det som ikkje dyer? Eg er ikkje mykje uplærd eg helder; men eg veit daa altid noko, og um eg ikkje just er so stiv i min