Side:Tolstoi-boki.djvu/17

Denne siden er korrekturlest


Og verdi kan gjerne undrast. Dei tankarne Tolstoi forkynner er noko so fortumlande nytt og urimelegt for folk, at dei ikkje veit kva dei skal tru, men helst meiner, at Tolstoi maa vera ør i hovue. Dette er daa og det lettvintaste, naar ein stend framfor ei aandsmagt som hans. Han er ikkje so grei aa motsanna. Det er ikkje aaleine det, at auga hans er so klaart og djupt, so at han med ein gong ser tvers igjenom alle talemaatar og hildringar og beint inn til roti av spursmaali; helder ikkje er det berre dette merkjelege tankemod, som aldri vik unda um so for den sværaste rettfylg, men alltid gjeng beint paa, kor tungt og urimelegt det kan sjaa ut for «kjøt og blod»; det verste er, at han med ein viljestyrke me aldri i desse tider hev set maken til, gjer tankarne til aalvor i sitt eige liv, og dermed gjev eit prov som ingen bokvisdom so lett kan rikka. Me skal sjaa litegrand paa dette livsprov, og eg held meg her som fyrr, til det han sjølv hev fortalt[1].

    sønnen», fleire av «Legenderne», «Hvori bestaar lykke ?», «Hvad skulle vi da gjøre?» og andre avhandlingar. — Andre kjende bøker av Tolstoi er: «Kreutzer-sonaten» (forteljing um egteskapet) og «Upplysningsfrukter» (spottespel yver livet millom dei «upplyste»).
     Tolstoi tek ikkje pengar for bøkerne sine lenger. Ein skal ikkje ta betaling for aa seia det som ligg ein paa hjarta, meiner han.

  1. Det som heretter kjem er teke traa ei av dei djervaste utgreiingarne hans: «Kunstens og videnskabens betydning», der han avdømer heile den «moderne kulturen» likso strengt som hans store motsetning Nietzsche (sjaa «Syn og segn» for 1895, nr. 5 og 7), — um og paa andre grunnar.