Side:Tolstoi-boki.djvu/173

Denne siden er korrekturlest


Nikita. Lat meg vera! Kva er det de hev gjort med meg?

Matrøna. Kjære guten min, kva stend paa? (tek han i handi).

Nikita (riv handi til seg). Lat meg vera, seier eg! Eg slær deg ihel! Eg bryr meg ikkje um noko no meir. Eg slær deg ihel!

Matrøna. Vaarherre bevars kor upskræmd han er! — Naa, gakk so og sov.

Nikita. Kvar skal eg gjera av meg? Nei det er reint ute med meg!

Matrøna (rister paa hovudet). Aa Herregud! So vil eg gaa ut daa og rydja upp. Medan kjem han litt til ro, og so gjeng det nok over. (gjeng).

Nikita (sit med andlitet i henderne. Mitritsch og Anjutka ligg stille og torer ikkje leda paa seg) Det kvin og pister .... ja, ja, det pister ..,.. høyr, høyr berre! Og no grev ho det ned!...... (spring aat døri og ropar ut). Mor! grav det ikkje ned; det er daa livande!.....

(Matrøna kjem innatt).

Matrøna (i døri; kviskrar). Vaarherre vere med deg! Kva tenkjer du paa? Kor skulde det vera livande no? Du hev daa masa det so smaatt som gryn.

Nikita. Lat meg faa meir vin! (Matrona slær i aat han; han drikk).

Matrøna. Legg deg so, kjære sonen min! Du skal sjaa at du sovnar no.

Nikita (fer upp og lyer). Nei, det liver enno