Side:Tolstoi-boki.djvu/176

Denne siden er korrekturlest


Fyrste gjenta. Nei, mor sa, at ho gifter seg nok ikkje med sin gode vilje. Det er stykfar hennar som tvingar henne til det; elles hadde ho aldri gjort det. Det er daa kjent nok kva dei hev sagt um henne.

(Marina kjem.).

Marina. Godag, gode smaagjentor!

Baae. Godag, vesle faster!

Marina. Skal de med til bryllaups, baan?

Fyrste gjenta. Nei, det er visst snart slutt. Me vilde berre sjaa litt paa stasen.

Marina. Aa, bed gamlen min, Semjon fraa Sujev, koma ut. De kjenner han vel?

Fyrste gjenta. Ja, det trur eg. Han er i skylde med brudgomen?

Marina. Javisst, han er fabror hans.

Andre gjenta. Kvi gjeng du kje inn sjølv daa? koma til bryllaups, og so ikkje vera med inn...

Marina. Eg hev ingen hug, og ikkje kan eg helder, for det er paa tide me kjem oss av garde. Me hadde slett ikkje tenkt aa fara til bryllaups; men me skulde til byen med havre. Paa vegen stansa me her og ykta hestarne, og so var det at dei fekk tak i gamlingen.

Fyrste gjenta. Kven tok de inn hjaa? Var det hjaa Fjodoritsch?

Marina. Ja rett. No, smaagjente, so vert eg her daa, med’ du gjeng inn og fær tak i gamlingen. Seg berre: «Marina, kona di, seier de