Side:Tolstoi-boki.djvu/177

Denne siden er korrekturlest

skal kjøyra. Dei andre heimanfraa hev alt sett fyre».

Fyrste gjenta. Godt, det kan eg altid, naar du sjølv ikkje vil. (dei gjeng inn i garden).

Marina. Det var ikkje noko ivegen for aa gaa inn; men eg læt det helder vera, for eg hev ikkje set han sidan han slo upp med meg. Det er no over et aar sidan. — Eg kunne nok elles ha hug til aa sjaa kor han kjem ut av det med denne stygge Anisja. Etter kva folk seier liver dei ikkje godt saman. Det er eit illrøte han hev fenge... so hard og sjølvraadig... Han hev nok tenkt paa meg meir en ein gong i denne tidi, kan eg tru! Han tenkte han skulde faa gode dagar, og so let han meg gaa. Naa, Vaarherre vere med han! Eg ber ikkje agg til han for det. Men, kor saart det gjorde meg den gongen, aa, kor det pinte meg! Ja ja, tidi hev gjort sitt, og no hev det gjenge over. Men eg vilde daa gjerne Sjaa han... (gjeng burt til garden og fær i det same auga paa Nikita som kjem ut). Ih! Kva kjem han no der etter? Skulde kanskje gjentungarne ha sagt han...? Korleis kan det vera at han løyper ifraa gjesterne? Eg gjeng min veg. Kor tunghuga han ser ut! (stig til sides)

(Nikita kjem)

Nikita (med lutande hovud. Han fiktar med armarne og mumlar i skjegget. Best det er ser han upp og fær auga paa Marina). Marina! Kjæraste, beste Marina! Kva stend du her etter?