Side:Tolstoi-boki.djvu/178

Denne siden er korrekturlest


Marina. Eg ventar paa gamlen min.

Nikita. Kvi kom du ikkje til bryllaupet? Der hadde vore noko for deg til aa sjaa og gledja deg over.

Marina. Kva skulde eg gledja meg over der? Eg kom etter gamlen min.

Nikita. Aa, kjære Marina! (vil ta henne i fanget).

Marina (harm). Nikita! Lat vera med slikt! Det er forbi med det. Eg kom etter mannen min. Sit han enno der inne?

Nikita. Skal ein gløyma det som er forbi? Er det so du meiner?

Marina. Kva er det vel til aa minnast? Det som er forbi er forbi.

Nikita. Og det læt seg ikkje umattgjera?

Marina. Nei — Men kvi gjekk du ut? Kva skal slikt til, at verten stryk fraa gjesterne sine, og det tilmed i eit bryllaup?

Nikita (set seg nedi halmen). Kvi eg gjekk ut? Aa, dersom du visste, dersom du visste!..... Eg er so tung um hjarta, at eg veit ikkje kvar eg skal gjera av meg. Eg reiste meg fraa bordet og gjekk min veg, berre for aa sleppa sjaa noko.

Marina (gjeng nærmare). Kva er det daa?

Nikita. Kva det er? Det er noko som eg aldri vert kvitt so lenge eg liver, kva eg so gjer. Anten eg et elder drikk elder søv, so stend det altid fyre meg. Aa, eg er so lei det heile. Og det som piner meg allermest, kjære Marina, det er at eg maa bera det for meg sjølv, og at eg