Side:Tolstoi-boki.djvu/179

Denne siden er korrekturlest

ikkje hev eit menneskje til aa gramma mi sorg for.

Marina. Ein kjem ikkje sorglaust gjenom livet, Nikita. Men eg hev no graate ut, og det hev gjenge over.

Nikita. Du talar um gamle dagar, og kva som hev vore. Du hev graate ut, seier du. Aa, kjære deg, men no er det min tur. Eg sit i det her til. (peikar paa halsen).

Marina. Men kva er der daa ivegen?

Nikita. Det er det ivegen, at eg er lei og kjei av livet, lei og kjei av meg sjølv. Aa, Marina! Du forstod ikkje aa halda paa meg den gongen, og so hev me baae tvo gjenge i hundarne. Er det kanskje eit liv?

Marina (stydjer seg upptil skjolet og prøver løyna taarorne). Eg kan ikkje klaga over mine kaar, Nikita. Gud give ingen maatte ha det verre. Eg kan ikkje klaga. Eg trega mi synd og tilstod for mannen. Han tilgav meg av eit godt hjarta, og sidan hev eg aldri høyrt eit vondt ord um det. Eg hev ingen grunn til aa klaga over mitt liv. Gamlen er ein stillsleg og fredeleg mann. Eg held av han, og steller baani hans. Og han held vel ein smitter av meg. Kva skulde eg so klaga over? Gud hev vel soleis laga det. Og kva ditt liv vedkjem, — du er daa rik...

Nikita. Mitt Liv? ... Var det ikkje avdi eg traude vil skjemma bryllaupet, skulde eg ta dette reipet her (tek upp enden av eit reip som ligg i halmen) og kasta det over denne tverbjelken; naar eg so