Side:Tolstoi-boki.djvu/181

Denne siden er korrekturlest


Nikita. Aa, dersom du visste, kor det rett heng saman... Men kva hjelper det vel aa tala um det!

(Semjon og Anjutka kjem).

Semjon (raver inn fraa tunet raud i skolten av drikk). Marina! Veslemor! Kvar er du?

Nikita. Der kjem mannen din etter deg. Gakk no.

Marina. Kva vil so du gjera?

Nikita. Eg? Eg legg meg litt her (slengjer seg nedi halmen).

Semjon. Kvar er ho so?

Anjutka. Der stend ho, onkel, der burt med skjolet.

Semjon. Kva stend ho der etter? — Marina! gakk inn i stova. Verten og vertinna ropar paa deg og bed deg visa dei den æra... Brudfylgjet kjøyrer strakst, og me fylgjer med.

Marina. Eg hev ingen hug.

Semjon. Vil du no berre gaa. Du maa daa og ha deg eit glas, veit eg. Og so drikk me for Ivan, den knikten. Kom no, vesle mor! Elles vert dei furtne. Me skal nok likevæl faa fraa oss det me hev aa gjera, (legg armen um halsen hennar og raver ut med henne).

Nikita (set seg i halmen). Aa! det hev vorte verre med meg sidan eg saag henne. Det er berre saman med henne eg hev kjent glede aa seia. Eg hev gjort meg sjølv usæl for ingen verdens ting; det er eg sjølv som hev dømt daude-