du so la vera?» sa dei. «Neigu um eg vil!» sa eg. Kvi skulde ein vel vera rædd dei? Ser du, so er no eg. Vaarherre hev no eingong laga meg paa den gjerdi. Hev eg svore paa at eg ikkje vil drikka, so drikk eg helder ikkje; men dersom eg fyrst tek til aa drikka, so drikk eg til den blaae logen stend meg or halsen, og er ikkje rædd ei mors sjæl. Og det er ikkje lygn eg her seier, men den skire sanning. Skulde eg so vera rædd folk? Det pakket! Nei lat dei berre sjaa kva kar eg er! So høyrde eg eingong av ein prest, at det bid ingen verre skrøytar til en fanden. «Berre du gjev deg til aa skrøyta,» sa han, «vert du braadt rædd; men er du fyrst rædd folk, so kjem han med bukkefoten nett paa flekken og slær ei klo i deg og sender deg dit han vil ha deg.» Sjaa, eg er ingen mann rædd, og difor er eg so lett um hjarta. Eg blæs baade i fanden og hans oldemor! Kva kan han vel gjera meg, den purke-Mikkel? Ingenting. Vers’go (viser kukisch)[1]; lat han faa bita i den!
Nikita (krossar seg). Kva er det eg hev fyre? (slengjer reipet).
Romet fraa fyrste vending. Stova full av folk som sit og stend som best dei kan. I kraai til høgre under skaapet med heilagbilætet og oljelamparne sit Akulina og Ivan. Paa bordet
- ↑ Eit merkje paa vanvyrdnad; ein stikk tumefingren inn millom sleikepott og langfinger.