Side:Tolstoi-boki.djvu/190

Denne siden er korrekturlest

framfor dei bilæte av heilagmenner, og eit brod. Millom gjesterne ser ein Marina, Semjon, Fjøkla, ein bonde og gendarmen. Med same tjeldet gjeng upp, driv konorne paa syngja. Anisja kjem med vin som ho byd gjesterne, og ho sluttar songen.

Kusken. Skal me avstad, so er det paa tide no. Det er langt til kyrkja.

Ein bonde. Giv no taal, og lat fyrst stykfaren faa signa dei. Kvar er han daa?

Anisja. Han er her paa timen, kjære vener! Eit lite glas til. Seg ikkje nei.

Fjøkla. Det er daa og eit mirakel kor lenge det varer. Me venter og venter, og det tek slett ingen ende.

Anisja. Du skal sjaa han kjem rett no. Ein, tvo, tri, so er han her. Drikk no, kjære folk! Han kjem paa rappen. Syng litt so lenge, smaa gjentor.

Kusken. Me hev sunge alle dei visor som bid, med’ me hev stae og venta.

(Konorne og gjentorne tek til aa syngja igjen).
(Nikita og Akim kjem).

Nikita (held Akim i handi og støyter han lempeleg inn fyre seg). Vers’go, gamlen! Det gjeng ikkje, minder du er med.

Akim. Du veit, eg hev ikkje hug til slikt noko...

Nikita (til kvinfolka). Naa, hald so upp. — (ser seg ikring). Marina! Er du her?

Fjøkla. Tak no heilagbilætet og sign dei.