Side:Tolstoi-boki.djvu/194

Denne siden er korrekturlest


Akulina (reiser seg fraa bordet og stig midt fram paa golvet). Slepp meg. Eg gifter meg ikkje. Det var han som kravde det; men no vil eg ikkje.

Gendarmen (til Nikita). Tak uppatt det du sa her ista.

Nikita. Vent litt, gendarm. Lat meg fyrst faa tala ut.

Akim (uppglødd). Ja, tal, sonen min. Seg alt ihop; det vil lette hjarta ditt. Skrift di synd for Gud, og ver ikkje rædd menneskja. Gud, Gud! Der er han, der uppe!...

Nikita. Fyrst forgav eg faderen, so skjemde eg dotteri, min fark! Eg hadde magt over henne ... og tilsist tok eg livet av baanet hennar.

Akulina. Ja, det er sant, sant.

Nikita (hugsprengd). Nede i kjellaren kjøvde eg baanet hennar under eit brætt. Eg sette meg paa det, so det knaska i dei smaa beini... (græt). So grov eg det ned. Det er eg, eg aaleine, som hev gjort det altsaman.

Akulina. Han lyg! Det var eg som fekk han til det.

Nikita. Forsvar meg ikkje. Eg er ingen rædd no meir. Tilgiv meg, de gode kristne folk! (fell paa kne med panna mot jordi).

Gendarmen (etter ei togn). Tak og bind han. Etter som ein ser, vert det nok ikkje noko av med dette bryllaupet.

(Sume tek belti av seg, kjem inn til og vil binda Nikita).

Nikita. Vent litt, me kjem tidsnok, (til Akim;