Side:Tolstoi-boki.djvu/199

Denne siden er korrekturlest

«Naar eg no fær dei fem rublarne hjaa bøndrane, legg eg dertil dei tri rublarne som eg hev, og kjøper skinn til ein pels.»

Skomakaren naadde landsbyen seint og sidan, og gjekk inn til ein av bøndrane som han hadde til godes av. Mannen var ikkje heime, men kona lova at ho skulde senda han pengarne i den vika. So gjekk skomakaren inn til den næste; men han svor høgt og dyrt paa at han ingi pengar hadde, og betalte berre tjuge kopek for det siste skoparet som skomakaren hadde bøtt aat han. Denne tenkte no aa ta skinni paa borg, men skinnhandlaren var av ein annan meining. — Nei, kom fyrst med pengarne, sa han, so kan du sjølv velja deg kva skinn du lyster. Eg bryr meg ikkje um aa gi noko paa borg. Eg veit nok kva det vil seia, naar ein skal gaa rundt og krevja det ein hev til godes.

Soleis kunne skomakaren no gaa heimatt med so gjort. Tjuge kopek som han fekk for skorne han hadde bøtt, og eit par gamle filtsko som ein bonde gav han til bøtings, — det var alt han hadde for umaken.

Skomakaren gjekk harma seg ei stund, drakk so upp dei tjuge kopek i brennevin og gav seg paa heimvegen utan pels. Um morgonen daa han for heimanfraa, hadde han tott det var kjøle; no derimot daa han hadde fenge brennevinet til livs, kunne han godt halda varmen utan pels. Han fór burtetter vegen, svinga med filtskorne i den