Side:Tolstoi-boki.djvu/201

Denne siden er korrekturlest


Skomakaren var no komen fram til den vesle kyrkja som stod der ved vegsvingen, og daa han gløste upp, timde han noko kvitt attum den eine kyrkjenovi. Han saag betre etter, men det var alt so skymt, at han kunne kje verta klok paa kva det var han saag. Ein stein kunne det ikkje vera, han maatte isofall ha set den um morgonen daa han gjekk langsmed. Helder ikkje var det likt til hest elder ku. Ein skulde helst tru det var eit menneskje. Men nei. Det kvite han saag kunne daa ikkje vera eit menneskje. Og kva skulde eit menneskje her paa denne dagsens tid.

Som han gjekk i desse tankar, var skomakaren komen heilt upp til kyrkja. Men det var daa underlegt! Det var mi sann eit menneskje som sat splinter nake og studde seg upp til veggen utan aa røra paa seg. Tru han er livande elder daud? Det gjekk kaldt gjenom skomakaren, og han tenkte: «Der hev dei slege ihel eit menneskje, teke klædi av han og late han liggja her. Gjekk ein burt til han no, kunne ein faa so mykje aa svara for, at ein naudt kunne greia seg ifraa det.»

Skomakaren gjekk framum, svinga um kyrkja og miste mannen avsyne. Men daa han hadde gjenge litt, kunne han ikkje dy seg, men snudde um, og saag no kor mannen hadde rett paa seg, og liksom glodde etter noko. Og hadde kje skomakaren vore rædd fyrr, so vart han det no. «Skal ein snu, elder gaa vidare?» spurde han seg sjølv. «Snur ein, kan ein gjerne koma gale