Side:Tolstoi-boki.djvu/21

Denne siden er korrekturlest


svarar paa vondt med godt, han stansar det vonde, ja vinn ofte sin motmann for det gode, gjer godt[1].

At all krig, tilmed forsvarskrig, soleis vert fordømd, er sjølvsagt.

Som me ikkje skal utnytta andre, so skal me helder ikkje vilja herska yver dei. Hermed ryk staten.

— Som arbeid er Guds fyrste bod til mannen, so hev kvinna til kall aa vera mor. Dette er eit so høgt og heilagt kall, at kvinna ved dette — og aaleine ved dette — vinn full likerett med mannen, ja ein høgare rett; for mannen skal træla for kvinna, elska, tena og vyrda henne.

Verdi, kulturen, hev gjort henne til tæve, til eit fyremaal for sanseleg lyst; so hev ho og lært aa sjaa seg sjølv (det viser seg mill. a. i maaten ho klær seg paa); dette er grunnen til, at ho hev vorte «slave». «Emancipations»strævet kan ikkje hjelpa henne, men vil gjera henne likso usæl som mannen er. Gjenom ægteskapet vinn ho sit sanne liv og si rette høgd; men egteskapet maa vera reint, ikkje som no vigd hordom elder sanselyst[2].

2. Me skal gjera det gode, d. v. s. elska næsten. «Elska» vil i Jesu munn seia: gjera vel imot, d. e. gjera væl utan aa venta takk elder løn, gjera væl for hans, for Guds, for si eigi skuld.

  1. Dette hev Tolstoi ofte framme, soleis i sine «Russiske folkelegender», diktverk av eit serskilt slag, parabler kan ein kalla dei, enkelt og stort og vent fortalde, folkedikting i beste meining.
  2. Um dette handlar «Kreutzersonaten», den mest miskunnslause avsløring av det vanlege ægteskap, som vel nokon gong er gjevi.