Side:Tolstoi-boki.djvu/211

Denne siden er korrekturlest


Daa Matrøna høyrde dette, saag ho enno ein gong paa framandkaren, og harmen var som blaasen av henne. Ho gjekk burt til omnen etter kveldsmaten, fylte ei skaal med kvass, bar kniv og skjei fram, og la braudskalken paa bordet.

— Naa, et no, sa ho.

— Set du deg her i kroken, kamerat! sa Semjon, reiste paa seg og gjorde rom aat framandkaren. Skar so braudet i smaa bitar, lét det i skaali, og dei gav seg til aa eta.

Imedan sat Matrøna ved bordsenden med handi under kinni og saag paa framandmannen. Ho totte synd um han og fekk godhug for han. Best det var livna framandkaren upp; det hyrpte kje lenger um munnen, han gløste burt paa Matrøna og smilte.

Daa dei hadde ete, tok Matrøna av bordet og spurde framandkaren:

— Kvar er du so ifraa ?

— Ikkje her fraa grensom.

— Men kor bar det til at du sat der ved kyrkja?

— Det kan eg ikkje seia.

— Kven hev plundra deg daa?

— Det er Gud som hev tukta meg.

— Og du laag der naken og hadde kje klædetraad paa deg?

— Ja, eg laag der naken og stivfrosen av kulde. Daa kom Semjon og vart meg vâr; han totte synd um meg, tok kaapa av seg til meg,