Side:Tolstoi-boki.djvu/216

Denne siden er korrekturlest


— No, godt folk, kven er det so som er skomakaren?

Semjon steig fram:

— Det er eg, høgvyrde.

— Hei, Fedka! ropte herremannen til kusken, — kom hit med varorne!

Kusken sprang ut til vogni og henta ein liten pakke som han gav til herremannen. Denne la pakken paa bordet.

— Løys upp! sa han til kusken. Denne so gjorde.

Herremannen peika paa lederet som laag i pakken og sa til Semjon:

— Her hev du yrkje, skomakar!

— Javel, høgvyrde.

Ja, men kan du og sjaa kva det er for slag yrkje ?

Semjon kjende paa lederet og sa

— Yrkjet er godt.

— Godt, — ja det skulde eg tru! Du hev nok aldri set slikt i all di tid, puslingen. Det er Hamborgar-leder; eg hev gjeve tjuge rublar for det. Semjon vart heilt stuss.

— Nei, kor skal eg ha set det, sa han.

— Nei, det tenkte eg nok. Kan du ta paa deg aa sauma meg eit par styvlar av det?

— Ja det kan eg nok, høgvyrde.

— So det kan du? ropte herremannen. — Du skulde berre vita kven du saumar aat, og kva det er for yrkje du fær. Eg vil ha meg eit sty-