Side:Tolstoi-boki.djvu/217

Denne siden er korrekturlest

velpar som kan vara eit heilt aar og korkje verta skjeive elder gaa upp i saumarne. Kan du ta paa deg dette, so tak lederet og skjer det til, kviss ikkje, so seg nei, og lat det vera som det er. Eg seier deg fyreaat: gjeng styvlarne upp i saumen elder vert skjeive fyrr aaret er ute, so sender eg deg i holet; men held dei, so skal du faa 10 rublar for arbeidet.

Semjon hadde reint mist modet, og visste lite kva han skulde svara. Han saag paa Mikael og spurde:

— Skal me ta det paa oss?

Mikael nikka som vilde han seia: berre ta dei.

Semjon so gjorde.

Herremannen ropte til kusken at han skulde draga av vinstre styvelet; daa det var gjort heldt han foten fram og brølte: — Tak maal!

Semjon tok ei lang papirremse, brigde ho saman, turka fingrarne godt paa fangskinnet so han ikkje skulde skjemma dei fine hosorne aat herremannen, la seg paa kne og tok maal. Han mælte lengdi og over risti, men daa han kom til leggen var papiret for stutt. Leggen var so tjukk som ein bjelke.

— Sjaa til at du ikkje gjer dei for smale ! ropte herremannen.

Semjon maatte feste ein papirstrimmel til paa den han hadde, skulde han naa kring leggen. Medan sat herremannen og vrikka med tærne i