Side:Tolstoi-boki.djvu/219

Denne siden er korrekturlest

ein slo han ihel. Han kløyver dørkarmen med skallen og er like spræk.

— Ja, sa Matrøna, slikt liv som dei fører kan dei nok vera i godt hold. Det er daa berre jarn og staal. Slike kan daa aldri døy dei.

VII.

— Berre me ikkje kjem oss gale fraa dette arbeidet, sa Semjon til Mikael. Det er dyre saker, og herremannen er svært stutt paa det. Ein maa vera vâr. Høyr, Mikael, du hev betre augo en eg, og er lettare paa handi; skjer det til du, so skal eg sauma leggjerne.

Mikael so gjorde, tok det dyre lederet, breidde det utover bordet og til aa skjera til. Matrøna stod saag paa, men undra seg rett paa kor dette bar av. Endaa ho ikkje forstod seg mykje paa skomaking, kunne ho daa sjaa at det ikkje var styvlar han skar til, men sko elder slikt. Ho bar munnen ved og vikle spyrja, men so tenkte ho: Eg hev vel ikkje vit paa kor slike styvlar skal skjerast; det veit Mikael betre; eg vil ikkje leggja meg uppi det.

Mikael var ferdig med tilskurden og tok paa sauma. Matrøna som støtt heldt auga med han, saag no skile at det var ikkje styvlar han sauma; men ho lét det fara og gat ikkje eit ord. Ved