Side:Tolstoi-boki.djvu/22

Denne siden er korrekturlest


Altso: alt me kan gjera utyver det som trengst til vaart eige upphelde, det skal vera til hjelp for andre som treng, vaare nærmaste og kven me elles finn i vande. Um desse er «verdige» elder «uverdige» kjem os ikkje ved. Er dei verdige, so er det godt; er dei uverdige, so vil kjærleg og vyrdsam hjelp vera det einaste, som kan faa det gode upp i dei og frelsa dei.

Der kjærleik raar, fell «retten» burt; sakførsel og strid er av det vonde. Likso lite vert det tale um aa døma elder straffa kvarandre; dom og hemn høyrer Gud aaleine til. Med kjærleik, d. v. s. med godviljug hjelp og rettleiing, skal me svara endaa paa udaads verk; det er ikkje aaleine rett, men og «praktisk»: det er den einaste maaten aa hindra slike verk paa, den einaste maaten til aa faa brôtsmannen paa betre vegar.

Eigedom vert det ikkje tale um. Det einaste me eig», det einaste som er vaart «eige» paa ein slik maate, at det ikkje likso godt kunde høyra andre til, er oss sjølve, vaar eigi kropslege og aandelege arbeidskraft. Og sjølve denne eigedomen fær me ugagn av, um me ikkje brukar han etter Guds vilje: til aa gjera godt med. —

Me ser lett, at um me kunde tenkja os desse tankarne gjenomførde, so vilde verdi vera so heilt umsnudd, at alle andre «umveltningar» som hev vore elder er paatenkte, vert barneleik og ingen ting imot den. Det vart ei umveltning heilt ifraa grunnarne. Og endaa vilde ho gaa for seg utan braak elder blod, — naar me daa ikkje vil tru, at verdi kom til aa reisa seg mot desse nye «Galilæarar» med forfylgjingar.

Kor som er hev Tolstoi’s tankar funne ikkje lite tilheng, baade i Russland (der elles sekter med