Side:Tolstoi-boki.djvu/222

Denne siden er korrekturlest

Best det var stansa ein av gutungarne burt med Mikael, gløste utgjenom glaset og ropte:

— Mikael, sjaa der! Der er ei kjøpmanskone med tvo smaagjentor som skal inn til oss. Den eine av dei er halt.

Daa Mikael høyrde dette, la han arbeidet ifraa seg, snudde seg og gløste gjenom glaset utpaa gata.

Semjon maatte rett undra seg. Elles hende det aldri at Mikael glante utpaa gata. Kva kunne vel det vera? Semjon glytte ut; jau det var som gutungen hadde sagt: ei velklædd kone med ei smaagjente i kor handi klædde i pels og med tørklæd over hovudet kom gangande upp mot huset. Smaagjentorne likna kvarandre som tvo bloddropar; det einaste som skilde, var, at den eine av dei var klein i den eine foten, so ho halta litt.

Kona kom upp troppi, inni gangen, fann klinka og opna døri. Ho lét smaagjentorne gaa fyre og fylgde sjølv etter.

— Heil og sæl, godtfolk! sa kona.

— Vælkomi til husar! Kva godt?

Kona sette seg ved bordet, med’ smaagjentorne kurde seg inn til henne; det var likt til dei var bljuge.

— Eg skulde havt eit skopar til kvar av smaagjentorne til aa gaa med framover vaaren.

— Godt. Me hev nok ikkje saumt baanesko