Side:Tolstoi-boki.djvu/225

Denne siden er korrekturlest

og paaklædt, kiste laga, og kona ført til jordar. Altsaman med godsmans hjelp. No var dei aaleine, smaagjentorne. Kvar skulde ein gjera av dei? Vesleguten min var den gongen paa aattande vika; eg var den einaste kona der i grendi som gav bryst, og so tok eg dei smaa til meg, solenge. Bønderne kom saman og grona paa kvar ein skulde gjera av dei; men daa dei hadde tala upp og ned ei rid, sa ein av dei til meg: «Du Maria, eg tenkjer det er best du tek dei heim til deg; so skal me nok tenkja over det og finna ut ei raad.» Eg tok den som var frisk og la inn til brystet; den andre lét eg liggja. Eg trudde kje ho kom til aa liva. So tenkte eg; kvi skal det arme tinget forkomast? Eg totte synd um henne; og so hadde eg alle tri, baade dei tvo framande, og mitt eiget. Eg var den gongen ung og sterk, hadde frisk god kost, og Gud gav meg so nok av mjølk, at stundom var det meir en dei tri kunne raa med. So kunne eg sitja med tvo ved brystet, med’ den tridje venta. So snart det eine var mett, tok eg det tridje. Aa ja! Gud laga det so, at daa eg fekk desse tvo paa føterne, grov eg ned mitt eiget baan. Fleire baan gav Han oss ikkje. Elles hev me støtt havt lukka med oss. Me bur no her hjaa mylnaren. Mannen min tenar godt, og det gjeng rett bra. Men baan fær me ikkje, so eg veit ikkje korleis eg skulde halda det ut, dersom eg ikkje hadde desse vælsigna smaagjentorne. Kan eg so anna