en vera glad i dei? Eg hev ingi betre glede i verdi.»
Kona tagde. Med den eine handi klemde ho den vesle halte gjenta inn til seg, og med den andre turka ho taarorne som vætte kinni.
Matrøna sukka djupt og sa:
— Det er daa sant det gamle ordet: «Ein kan undvera baade far og mor; men Gud kan ein ikkje undvera.»
Best som dei sat og tala saman soleis, ljosna det i stova som av kornmoe-skin[1] fraa den kraai der Mikael sat. Alle snudde seg dit, og der sat han med henderne i fanget, augo vende mot himmelen, og med smil um munn.
So snart kona var gjengi med smaagjentorne, reiste Mikael seg, la arbeidet fraa seg, tok fangskinnet av, bøygde seg for husbonden og matmoderi og sa:
— Farvel, de gode folk. Gud hev tilgive meg. Tilgiv meg no de med.
Semjon og Matrøna saag forbina paa kor det lyste or augo hans. Semjon reiste seg, bøygde seg djupt for Mikael og sa:
- ↑ Kornmoe = dimme ljosglimt i lufti, paa lag som eldingar som er langt burte.