Side:Tolstoi-boki.djvu/231

Denne siden er korrekturlest

der budde kjærleik i folk; eg gledde meg over at Gud alt hadde teke til aa visa meg kva han hadde lova, og smilte for fyrste gongen. Men eg hadde kje røynt alt enno; eg forstod enno ikkje kva det er som ikkje er menneskja give, og kva som held folk ilive.

Aaret etter kom det ein mann og tinga os eit par styvlar som kunne vara eit heilt aar og ikkje gaa upp i saumarne, og fekk i det same auga paa dauden som stod tett bak han. Ingen annan saag dauden, men eg kjende han og visste, at fyrr soli glada vilde han henta sjæli aat den rike mannen. Og tenkte ved meg sjølv: «Mannen grev ihop for eit heilt aar, og veit ikkje at han skal liva til i kveld». Eg kom no ihug det andre gudsordet: «Du vil faa røyna kva som ikkje er menneskja give».

Kva det bur i folk visste eg alt. No fekk eg sjaa kva som ikkje er menneskja give. Det er henne ikkje give aa vita kva som batar best. Eg smilte no andre gongen. Eg var so glad over at Gud hadde lært meg um det andre ordet.

Enno forstod eg ikkje alt; eg skyna kje, kva som held folk ilive. Eg venta og venta at Gud skulde tyda det tridje ordet for meg. Og so kom kona med dei tvo smaagjentorne. Eg kjende dei att, og fekk no vita kor dei hadde vorte berga. Eg tenkte daa for meg sjølv: «Moderi bad for baani, og eg trudde henne; eg tenkte at dei ikkje kunne liva utan far og mor, og her hadde eit