Side:Tolstoi-boki.djvu/240

Denne siden er korrekturlest

all denne tid hev me leitt etter lukka og ikkje funne ho. Fyrst i dei siste tvo aari, sidan me vart fatige og gjeng her som tenarar paa garden, hev me vorte so lukkelege at me kan ikkje ynskja oss ein betre lagnad.»

Gjesterne saag paa kvarandre. Det svaret hadde dei nok ikkje venta.

«De maa ikkje tru at dette ikkje er aalvoret mitt,» heldt ho ved. «No fyrst veit me kva lukke er.»

«Kva vil so det seia daa,» spurde gjesten.

«Jau, no skal du berre høyra. Daa me var rike hadde eg og kallen min ikkje ein times fred — korkje til aa tala saman elder til aa tenkja paa Gud og sjæli vaar. Me hadde so mykje anna aa tenkja paa.

Snart var det framandfolk som kom, og daa laut dei skjenkast, so me ikkje skulde høyra ilt for det etterpaa. Og naar dei var reiste hadde me tenestfolki aa sjaa til. Me maatte daa passa paa so dei ikkje gjorde for lite elder aat for mykje. Alt dette var stor synd. So var det anket for vargen at han skulde bita lambi elder kalvarne forderva. La me oss um kvelden so fekk me ikkje sova, slik otte hadde me for at sauerne skulde liggja dei smaa lambi ihel, og me kunne staa upp midt paa natti og gaa ut og sjaa etter.

Og ikkje nok med det. Eg og kallen livde stødt i ufred med kvarandre. Han sa, slik skal