Side:Tolstoi-boki.djvu/29

Denne siden er godkjent

til aa faa sonen ut av tankarne. No laag han stilt og tok upp att for seg sjølv: «Gud han æveleg ha takk! Skje din vilje!»

Fraa den tid av var Martin som umsnudd. Fyrr hadde han som andre brukt aa gaa paa vertshuset um sundagarne og drikka te elder brennevin etter som høve kunne. Iser var han glad naar han raaka saman med ein kjenning som han kunne sitja og drikka saman med. Og um han ikkje nett drakk seg full, so vart han daa jamt paa ein liten lette so han ofte snakka over seg. Og henda kunne det at han stansa paa gata og tala til eit framandt menneskje.

No hadde han slutta med dette, og det var kome ein logn, glad ro over han.

Um morgonen sette han seg til arbeids, og naar dagsverket var slutt tok han lampen, sette han paa bordet, fekk boki fram, og gav seg til aa lesa. Di meir han las di betre forstod han det, og med kvar dag kjende han seg meir og meir lett um hjarta. Ein kveld daa Martin hadde grave seg uvanleg djupt ned i lesnaden kom han til det sette kapitlet av St. Lukas evangelium til desse versi:

»Naar ein slær deg paa den eine kinn, so bjod og den andre fram. Og naar ein tek kappa di, forhald honom ikkje kjolen helder. Men gjev kvar den som bed deg. Og tek ein det som ditt er so krev det ikkje att. Og som de vilja at