Side:Tolstoi-boki.djvu/31

Denne siden er godkjent


Med desse tankar vilde han gaa tilsengs; men det var ilt aa riva seg laus fraa boki, og han las ein bolk til. Han las um hovudsmannen, um son til enkja, kva Jesus sa til disiplarne aat Johannes, og kom til den staden der den rike farisæaren baud Jesus til seg. Daa han so hadde lese um kor syndarinna salva Jesu føter og vætte dei med taaror, og um kor han orsaka henne, kom Martin endeleg til 44de vers, der det stend:

«Og han vende seg til kvinna, og sa til Simon: Ser du denne kvinna. Eg kom i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føterne mine; men denne her vætte føterne mine med taaror, og turka deim med sitt hovudhaar. Du gav meg ingen kyss; men ho heve alt fraa ho kom inn uavlateleg kysst føterne mine. Du smurde ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med salve.»

Daa han hadde lese desse versi, tok han uppatt for seg sjølv: «Han gav korkje vatn til føterne elder kyss daa han kom, og smurde ikkje hovudet med olje.» Og han tok brillorne av og la dei paa boki, og fall paa nytt lag i tankar over det han hadde lese.

«Etter kva eg ser,» tenkte han ved seg sjølv, «var farisæaren plent som ein av mine likar. Fyrr hev eg helder ikkje tenkt paa anna en paa meg sjølv, vil eg tru; berre eg kunne gjera meg til gode med ein kopp te, sitja fjelgt og godt inne, so kunne det vera det same med gjesten. Eg kunne nok hugsa meg sjølv, vil eg tru; men gje-