sten brydde eg meg lite um. Og kven er so gjesten? Herren sjølv. Tru eg vilde ha bore meg aat paa same maaten um han hadde kome til meg?» spurde Martin seg sjølv. Han studde hovudet i baae hender, og fyrr han visste av det, tok han so smaatt til aa dubba.
«Martin!» lyddest det, plent som einkvar hadde kviskra inn i øyra paa han.
Han fór upp:
«Kven der?» ropte han, og saag mot døri. Men det var ingen. Han tok til aa dubba att, daa han tydeleg høyrde kor det ropte:
«Martin! Martin! Sjaa ut paa gata imorgo. Eg kjem ...»
Martin vakna, reiste seg, og gav seg til aa gnika augo. Han visste kje kva han skulde tru. Var det ein draum han hadde havt, elder var det nokon som hadde ropt. Han stod litt. So sløkte han lampen og gjekk tilsengs.
Næste morgon fyrr det var dag, var Martin alt uppe. Han heldt si morgobøn og kveikte i omnen. Daa omnen var god og varm sette han tvo skaaler med kaal og graut innpaa og kveikte so paa temaskina.
So tok han fangskinnet, sette seg ved glaset, og til aa arbeida.
Med’ han sat arbeidde tenkte han stødt paa det som hadde hendt um kvelden. Snart trur han, at han berre hev drøymt, snart at det var verkelegt mannsmaal han høyrde.