«Det hev hendt slikt fyrr,» tenkte han. Med’
han sat soleis ved glaset hadde han det just ikkje
so anvint med arbeidet som med aa sjaa ut paa
gata. Og kvar gong han vart vâr eit par
framande styvlar, strekte han halsen heilt upp i
glaset, so han kunne sjaa kven det var.
Fyrst kom gardsdrengen i eit par nye filtstyvlar, og so mannen som kjøyrde vatn til huset. Seinare kom ein gamal avdanka soldat fraa keisar Nikolai sine dagar med ei skufl i handi. Martin kjende han paa styvlarne som han sjølv havde sett hælkappar i. Stepànitsch som dei kalla den gamle soldaten budde paa sælebot hjaa kjøpmannen like ved og gjekk gardsguten tilhande. Han skulde nett til aa skufla burt snøen ut for glaset aat Martin.
Martin sat og saag paa han ei stund og tok so til att med arbeidet.
»Eg tek nok til aa verta tuslutt paa mine gamle dagar,» sa han og smaalog. «Stepànitsch gjeng og skuflar snø ut paa gata, og eg trur at det er Jesus som kjem til meg. Eg er daa rett ein gamal tusseladd.»
Han tok no til aa arbeida. Men det varde kje lenge fyrr han laut glytta ut gjenom glaset att.
Stepànitsch hadde sett fraa seg skufli, og stod kvilde seg litt. Gamal og skral som han var, hadde han ikkje eingong magt til aa skufla snø. Martin sat og saag paa han, og tenkte med seg