Side:Tolstoi-boki.djvu/38

Denne siden er godkjent

Ho fylgde med. Daa dei var komne ned troppi og inn i stova sa Martin:

»Sett deg her paa sengi, att med omnen. Her kan du varma deg og gjeva baanet bryst.«

»Det er ingi mjølk i brysti. Eg hev ikkje smakt mat i heile dag,« sa kona, men prøvde daa aa leggja det vesle inntil.

Martin riste paa hovudet, gjekk burt til skaapet og tok fram ei skaal som han sette paa bordet, saag so etter i omnen kor det var med maten. Jau, supa var ferdig; men grauten var ikkje kokt endaa. So tok han og slog skaali full av supa og sette paa bordet saman med noko braud som han fann i skaapet. Tilslutt tok han ein handduk som hang paa veggen, la han paa bordet og sa:

»Sett deg no burt og ét, kone, so skal eg passa baanet. Eg hev havt baan sjølv so eg kan nok vera baanegjente, skal du sjaa.»

Kona sette seg tilbords, signa maten, og tok til aa eta, med’ Martin sette seg paa sengi med veslebaanet. Han prøvde fyrst aa gjera alleslags kunstar med munnen for det, men han fekk det ikkje rett til, di han ikkje hadde tenner. So fann han paa aa narra det vesle med fingeren. Fyrst snurra han fingeren rundt, lyfte han derpaa i veret, stakk han ned til munnen paa det, og drog han attende. Dette tok han upp att til baanet fekk auga paa fingen og vilde ha han inn i munnen; men det fekk det ikkje lov til, daa fingen var so