Side:Tolstoi-boki.djvu/39

Denne siden er godkjent

fæl og svart av bek. Paa denne maaten kom baanet til ro og tok jamvæl til aa læ, so Martin sjølv vart glad tilmode. Medan sat moderi og aat og fortalde kven ho var, og kvar ho kom ifraa. »Mannen min er soldat,« sa ho. »Han vart jaga avstad med regimentet sitt for aatte maanader sidan, og eg hev ikkje høyrt noko meir fraa han heile tidi. Eg var kokkegjente; men daa eg fekk dette vesle, vilde dei ikkje ha meg lenger. Det er tridje maanaden eg gjeng og leitar etter arbeid, men kan ikkje faa noko, og alt eg hadde hev gjenge med. Eg tenkte eg skulde faa plass som sôgemor; men ingen kan bruka meg. Eg er for mager, seier dei. Eg hev no vore hjaa ei kjøpmanskone; der bur bestemor, og dei hadde lova aa ta meg der. Eg tenkte eg kunne faa koma med det same. Men kona sa at eg skulde koma att um ei vike. Og det er so langt ut til dei. Eg hadde nær aldri naadt attende, so trøytt var eg; og det vesle var og so reint forkome. Gud løne vertinna som læt oss bu der paa sælebot. Eg veit elles ikkje kor eg skulde halda livet uppe.«

Martin sukka, og spurde:

»Hev du daa ikkje eit varmt klædeplagg aa ha paa deg?«

»Jau det var vel tarvi til aa klæ seg varmare. Men kva skal eg gjera? Igaar panta eg burt turklædet mitt for tjuge kopek.«

Kona gjekk burt til sengi og tok baanet paa armen. Martin gav seg til aa rota millom