Side:Tolstoi-boki.djvu/42

Denne siden er godkjent


Martin slengde sylen og skunda seg so med aa koma utgjenom døri og upp troppi, at han snaava og miste brillorne. Daa han kom ut paa gata stod kona endaa og drog guten i haaret, brukte munn og svor paa at ho vilde gi han til politiet. Guten sleit og bar seg for aa koma laus, og skreik: »Eg hev ikkje teke noko; kvi slær du meg! Lat meg vera!«

Martin la seg no imillom, tok guten i handi, og sa: »No, bestemor, slepp han no; tilgiv han i Jesu namn.«

»Tilgi han?« sa ho; »jau eg skal tilgi han! Han skal faa paa rette enden slik at han ikkje gløymer det so snart. Din vesle fantetjuv, kom no med meg paa politikammerset!«

»Slepp han, bestemor,« heldt Martin ved. »Han vil aldri gjera det meir. Slepp han i Jesu namn.«

Den gamle kona slepte guten som vilde renna sin veg sosnart ho slepte taket. Men no var det Martin som heldt paa han.

»Bed fyrst bestemor um tilgiving,« sa han, »og gjer ikkje slikt ein annan gong. Eg saag godt kor du tok eplet.«

Guten gav seg til aa graata, og bad um tilgiving. »Det var rett. Sjaa no kan du faa eit eple,« sa Martin og tok eit eple og gav han. »Eg skal nok betala det,« sa han til den gamle kona.

»Det er aa skjemma ut slike skjelmar, so som du ber deg aat,« meinte ho. »Han skulde helder ha ris so han kjende det ei heil vike.«