Side:Tolstoi-boki.djvu/44

Denne siden er godkjent

strek,« sa ho, og saag paa guten; »Vaarherre vere med han!«

Ho skulde til aa ta spønesekken paa nakken, daa guten sprang til og sa: »Lat meg faa bera sekken, bestemor. Eg skal same vegen«.

Ho saag paa guten og riste paa hovudet, men hjelpte han sekken paa ryggen. So fylgdest dei aat burtetter gata, og kona gløymde reint at ho skulde ha pengar av Martin for eplet.

Han stod ei stund og saag etter dei, og lydde paa kor dei rødde saman. Ved husnovi svinga dei inn i ei onnor gate.

Martin gjekk ned i kjellaren og sette seg til aa arbeida att. Brillorne hadde han funne att paa troppi, og dei var like heile; men han kunne kje rett sjaa med dei, korso. I det same kom lyktekveikjaren med stigen sin og kveikte i gaslykti utanfyre.

»Det er nok paa tide aa tendra ljos,« tenkte han, og gjorde lampen istand, hengde han paa kroken og gav seg so til aa arbeida. Daa skoen var ferdig, og fraaseggjord paa beste maate, rydde han upp, sette lampen paa bordet, fann testamentet fram og gav seg til aa lesa. Han vilde opna boki paa same staden som han var komen til kvelden fyreaat. Han hadde lagt ein skinnfetling millom bladi; men boki gjekk upp paa ein annan stad korso. I det same han opna testamentet kom han ihug draumen sin og totte at det var noko som gjekk attanum han.