Side:Tolstoi-boki.djvu/45

Denne siden er godkjent


Han snudde seg, og saag at det stod eit menneskje i kraai burtved døri, men vart ikkje klok paa kven det var.

Daa høyrde han at det kviskra: »Martin! Martin! Kjenner du meg ikkje att?«

»Kven skulde eg kjenne att?« spurde Martin. »Meg,« svara det. »Det er eg.« I det same steig Stepànitsch ut av den myrke kraai med ein smil um munnen, løyste seg upp som ei sky, og kvorv burt.

»Og det er eg,« sa eit anna maal. Her kom kona med baanet ut av kraai. Kona smilte, og baanet log, og burte var dei.

»Og det er eg,« sa eit tridje maal. Det var kona med spønesekken og guten med eplet. Baae smilte, og kvorv burt liksom dei andre.

Martin vart so inderleg glad tilmode. Han krossa seg, sette brillorne paa seg, og til aa lesa i testamentet paa den staden der boki hadde opna seg. Øvst uppe paa sida las han: »For eg var svolten, og de gav meg mat. Eg var tyrst, og de gav meg drikke. Eg var framand, og de tok meg til dykk.«

Lenger nede las han: »Kva de hev gjort mot ein av desse mine minste smaa, hev de og gjort mot meg.« (St, M. evang. 25 kap. 35—40.)

Og Martin skyna at draumen ikkje hadde narra han; at frelsaren hadde vore der den dagen, og at han i røyndi hadde teke honom inn til seg.