Side:Tolstoi-boki.djvu/50

Denne siden er korrekturlest

kom daa fram til ei jordhytte. Utanfor sat det ein gamal mann, og sidan kom det tvo andre ut av hytta. Dei gav han mat, turka klædi hans, og hjelpte han med aa faa baaten istand.

»Kor ser dei ut?« spurde bispen.

»Den eine av dei er krokutt av elde. Han gjeng i ei gamal losliti kaape. Han maa visst vera over hundrad aar. Det graa skjegget hans tek jamvael til aa verta grønt. Men han smiler stødt, og er so mild og venleg som ein gudsengel. Den andre er større av vokstr og klædd i ein fillutt kjortel; han med er svært gamal. Skjegget hev ein tim av gult; men han er sterk enno; han vippa baaten rundt som det hadde vore ein stamp, og eg fekk ikkje eingong tid til aa hjelpa han. Han ser i det heile merkjeleg ut. Den tridje er svært høg, med eit skjegg som naar han heilt tilknès og er so kvitt som snø; men sjølv er han so myrk som ei natt, og augnebryni heng heilt nedfor augo. Han er spilder naken, gjeng fraa ei bastmatte som han hev um hofterne.«

»Sa dei noko til deg?« spurde bispen.

»Dei fôr so stilt med alt, og rødde berre lite med kvarandre. Naar den eine vilde noko gløste han berre paa den andre, so skyna denne det med det same. Eg spurde den høge, kor lenge dei hadde budt der, men han berre hyrpte paa augne bruni og mumla noko; det var likt til han var sint. Straks tok den minste av dei han i handi og sa