Side:Tolstoi-boki.djvu/65

Denne siden er korrekturlest


Anisja (til mannen). Dei er daa ikkje so paa livet etter aa vera her. Der ser du at han lagar seg til aa gaa. »Eg skulde kje halda paa han«, seier du. Jau visst!

Peter. Lat han berre gaa. Her er daa vel andre aa faa en han.

Anisja. Men det han hev fenge i forskot av løni? ...

(Anjutka som hev lydt paa samtalen, hev nærma seg døri og spring no ut).

Femte koma.
Dei fyrre og Akulina.

Peter (myrk). Pengarne ... skulde det koma so vidt, so kan han faa lov aa gjera skjel for dei til sumaren.

Anisja. Ja du er glad du vert han kvitt; so slepp du aa føda paa han i vinter. Og so kan eg faa lov aa draga heile lasset aaleine, som ein annan vognmansøyk. Tausi er ikkje vidare huga til aa arbeida, og du sjølv vil berre liggja og driva paa omnen all dagen. Jau eg kjenner deg nok.

Peter. Kva er dette aa tala um fyrr ein rett ser kor det gjeng?

Anisja. Alle stallarne er fulle. Du fekk ikkje seld kui, og no vert me sitjande med alle sauerne til vinteren. So ein kan rett ikkje faa gjort anna en sjodna fraa morgon til kveld, og so vil du lata drengen gaa! Men du maa berre ikkje tru at eg vil ta paa meg det hundearbeidet.