Side:Tolstoi-boki.djvu/67

Denne siden er korrekturlest


Anisja. Kva er det med deg? (spring upp og ser seg um etter noko aa slaa med). Pas deg, at du ikkje fær ein over nakken!

Akulina (spring upp). Slik ein eitrande djevel! Uff for eit ubeist! ein rein satan! (spring ut).

Anisja (aaleine. Tankefull). «Lat meg sjaa du kjem ut til oss naar eg skal ha bryllaup», seier han. Kva er det dei hev fyre? Vil dei ha guten gift? No, Nikita, gjeng du med dei tankar, skal eg nok visa deg ... Eg kan ikkje liva utan han. Nei, eg slepper han ikkje.

Sjaunde koma.
Anisja og Nikita.

Nikita (stig varlegt inn i stova. Daa han ser at Anisja er aaleine, gjeng han snøgt burt til ho og kviskrar). No, tuppa mi, det ser godt ut! Gamlingen er her og vil hava meg fraa garden. «Det er paa tide at me fær deg gift», seier han, «og at du kjem heimatt». Kva gjev du meg for det?

Anisja. So gift deg, kva skil det meg?

Nikita. Det var rart! Eg gjeng gronar paa kor ein best skal klara tingen, og so seier ho: gift deg! Kor heng det saman? (Blinkar til ho). Hev du kanskje gløymt?...

Anisja. Gift deg berre du. Eg skal ikkje graata for det.

Nikita. Kvi er du so bisk? Nei sjaa, ein skal ikkje faa kjæla for ho helder! Kva er det ivegen med deg?