Side:Tolstoi-boki.djvu/73

Denne siden er korrekturlest


Anisja. Men kor hev han kome paa dette med giftarmaalet?

Matrøna. Jau, ser du. Du veit at veslesonen er ein stor gjentefut, og ein vakker kar er det, det maa ein seia. Naa, der han tente ved jarnvegen, hadde arbeidarane teke ein foreldrelaus tausunge til kokkegjente. Ho rende no etter han fraa morgon til kveld...

Anisja. Marinka?

Matrøna. Nettupp, flogsi der ho er! No; anten dei no hev havt noko med kvarandre elder ei, nok er det, gamlingen hev fenge njosn um det. Kven som kan ha sagt han det, veit eg ikkje. Kanhende er det ho sjølv som hev tisa.

Anisja. Seie meg, den taska!

Matrøna. No fekk min gamle tullemikkel anvindt. «Guten maa gifta seg», sa han; «han maa bøta det han hev brote. Lat oss strakst taka han heim og sjaa og faa han gift», meinte han. Eg tala med han so godt eg kunne; men det hjelpte ingen ting. Godt, sa eg til meg sjølv, so maa han takast paa ein annan bau. Slike gamle narr skal altid ha det paa den maaten, fluga mi. Fyrst leikar ein so smaatt og lest halda med dei, men so snart det røyner paa, set ein trumf ut og gjeng etter sitt eige hovud. Du kjenner nok eventyret um kjeringi som dett ned av omnen og hev tenkt over hundrad ting fyrr ho naar golvet, — so kor skulde han kunne gissa seg til kva me hev fyre? — «Godt min far», seier eg. «Det kan