Side:Tolstoi-boki.djvu/79

Denne siden er korrekturlest


Matrøna. Ja ser du, Peter Ignatisch, Far og eg kjem ikkje rett til liks um den ting. Eg vil fortelja deg so som det er, og so kan du sjølv avgjera kven som hev rett. Far kjem stødt med sitt, at sonen maa gifta seg. Men spør no ein gong kven det er han vil gi han til kone. Var det ei gjente som det sømde seg, so veit eg daa, at eg ikkje vil mitt eiget baan vondt, so eg skulde gaa han imot i dette stykke; men det er ei tøyte som korkje hev ære elder skam i livet.

Akim. Nei, Matrøna, der misfer du deg. Det er ingen ting paa gjenta aa seia. Slett ikkje. Det er ei gjente som hev lide urett av sonen vaar, stor urett hev ho lide.

Peter. Kva slags urett?

Akim. Jau, tingen er, det var med sonen vaar at ho... Det var Nikita som...Det er tingen.

Matrøna. Spar du helder paa talementet ditt og lat meg fortelja. Ser du, Peter Ignatisch, fyrr sonen kom til deg, gjekk han, som du veit, og arbeidde ved jarnvegen. Her var det han vart kjend med tausi, denne Marinka, som dei kallar henne, ei simpel bondetøyte som gjekk og laga mat aat arbeidsfolket. Ho liska seg inn med han, og so kjem ho og seier at han hev narra henne.

Peter. Eg ser ikkje noko godt i det.

Matrøna. Sjølv duger ho til inkje. Ho renn berre fraa den eine staden til hin. Rett ei tøyte!