Side:Tolstoi-boki.djvu/80

Denne siden er korrekturlest


Akim. Der tek du imist, mor. Det er plent ikkje so det heng saman. Tingen er, Peter Ignatisch, tingen er...

Matrøna. Eg høyrer ikkje anna av den kjære sjæl eg hev til mann en »tingen er« og »tingen er«; men kva tingen er, det veit han ikkje sjølv. Vil du kje tru meg, Peter Ignatisch, so kan du spyrja deg fyre hjaa andre. Du skal faa sjaa at alle seier som eg, at det er skit til taus, regtig ei rennebikkje.

Peter. Nei veit du, Akim, er det paa den maaten, so hastar det ikkje med giftarmaalet. Ei sonakone vert ein ikkje so lett kvitt naar ein fyrst hev fenge ho i huset.

Akim (talar seg varm). Det er synd kva du der seier, mor, synd for gjenta. Tingen er, det er ei flink gjente, rett ei flink gjente, som dei seier; og det gjer meg vondt for henne, rett vondt, det er tingen.

Matrøna. Aa den olmosen! Han skal no altid graata over andre; men um me der heime sit brødlause, det gjer ikkje noko. Du tykjer synd i tausi, seier du; men sonen din tenkjer du ikkje paa. Du skulde hengja henne i eit reip um halsen paa deg, naar du held so av ho. Lat det no vera nok med dette tullet.

Akim. Nei det er ikkje tull. Eg seier deg...

Matrøna. Gjer deg no berre ikkje til, men lat meg faa tala.