Side:Tolstoi-boki.djvu/87

Denne siden er korrekturlest
Tolvte koma.
Dei fyrre, Anisja og Anjutka.

Anisja (set seg tagall ved omnen.)

Peter. Nei naar me fyrst er forlikte, skal det ikkje vera noko i vegen for det fraa mi side. No, far Akim! Lat oss so gaa nedi vertshuset og faa oss ein snaps. Me maa daa drikka paa det.

Akim. Eg drikk ikkje brennevin.

Peter. So kan du faa te.

Akim. Te drikk eg, det er sant.

Peter. So fær kjeringarne seg ein kopp med det same. — No Nikita, gløym so ikkje aa jaga inn sauderne og hakka halmen.

Nikita. Ja vel.

(Alle gjeng so nær som Nikita. Det tek til aa skymest.)

Nikita (kveikjer ein sigarett og røykjer). Dei hadde det anvint! Der skulde ein diska upp med all den hendesløyse ein hev havt med tauserne! Det vilde ta lang tid med det. Du maa gifta deg med ho, seier dei. Jau, eg seier so mange takk. Skulde ein gifta seg med alle dei tauser ein kjem ut for, so fekk ein nok mange konor. Kvi skal eg gifta meg naar eg kan ha det likso godt som ungkar? Folk reint ovundar meg. Rart nok! Det var nett som eg hadde fenge ein dunk i ryggen, daa eg krossa meg for helgenbilætet. Men det er tingen: strakst var det slutt paa heile vrøvlet. Det skal vera faarlegt, seier dei, aa gjera eid paa noko som ikkje er sant. Men det