Side:Tolstoi-boki.djvu/9

Denne siden er korrekturlest


Han tok til aa tvila paa vismennerne. Kven veit, kanskje var det kje sant, at dei var visare en mugen? Han tok til aa sjaa seg ikring. Han saag paa folket, som gjekk der og stræva og sleit og sakna og leid vondt. Det hadde ingen ting av det som me kalla gildt elder hugnadsamt. Og endaa levde det, og vilde leva. Det sette pris paa livet. Um det kanskje i alt sitt einfelde hadde ein visdom som me upplyste og alle vaare store tenkjarar ikkje visste um? — Leo Tolstoi kom til det, at naar han vilde spyrja um livsens meining, so burde han ikkje gaa til dei som vilde gjera ende paa seg; han burde gaa til dei som levde og fann at det var verdt aa leva. Kan henda han der kudne finna eit svar.

Han gjorde so. Og han fann, at det som gjorde livet levande for aalmenn mann, det var just det som me trudde var livets verste vaabøn og tyngd: — arbeidet.

Det «simple» arbeidet. Arbeidet for maten. Det arbeidet som i kav for tilværet skapar livet og held uppe livet, med di det skapar livsvilkaari for alle. Det arbeidet som gjev mat og klæde og hus og hjelp til alle som treng, ikkje minst til oss dagdrivarar av «upplyste», som gjeng her og vil hengja oss, fordi me ikkje veit, kva me skal gjera med livet vaart. Det arbeidet var det som gav livet innhald og smak; som gjorde livet levande.

Denne tanken kom som ei redning for Tolstoi. Muren millom honom og aalmenningen ramla, og det var «som han skulde ha vunne seg ut or ein myrk kjellar og fram i soli og dagen att, so han paa nytt saag Guds grøne verd liggja opi for seg.»

Men ikkje arbeidet aaleine kunde gjeva livet den høgste og siste forklaaring. Ein annan ting