Side:Tolstoi-boki.djvu/94

Denne siden er korrekturlest

ikkje ut med kvar han hev pengarne. Nyleg var han ute i nystova. Kanskje hev han dei der. Eg kan ikkje skyna kvar han hev dei. Endaa bra at han er so rædd for dei; so er dei daa enno i huset. Det gjeld berre aa finna dei. Han hadde dei ikkje paa seg igaar. Eg forstend ikkje kvar dei kan vera. Aa for ei plaage!

(Akulina kjem, og bind paa seg eit hoveplagg).

Anisja. Kvar skal du hen?

Akulina. Kvar eg skal hen? Han sender meg etter fasyster. »Eg vil tala med syster mi«, seier han, »for eg merkar at eg skal døy, og det er noko eg maa ha sagt ho«.

Anisja (avsides). Han sender bod etter systeri ... Aa, eg arme menneskje! Det er for aa gi ho pengarne. Kva skal eg daa gjera. Aa! (til Akulina) Ver imak! Kvart vil du hen?

Akulina. Etter fasyster.

Anisja. Ver imak, seier eg. Eg skal nok henta ho. Du maa ned til elvi og vaska klæde; elles vert du aldri ferdig til ikveld.

Akulina. Men han hev sagt at eg skal gaa.

Anisja. Vil du no gjera som eg seier, ditt toskehovud! Du høyrer at eg skal henta fasystri. Tak skjortorne med som heng der paa gjerdet.

Akulina. Skjortorne? Ein skal sjaa du gjeng ikkje. Han sa ...

Anisja. Hev eg sagt at eg gjeng, so gjeng eg. Kvar er Anjutka?