Side:Tolstoi-boki.djvu/95

Denne siden er korrekturlest


Akulina. Anjutka? ho er ute og gjæter kalvarne.

Anisja. Bed ho koma inn til meg. Kalvarne kan syta seg sjølve.

(Akulina samlar klædi saman og gjeng).

Anisja (aaleine). Gjeng eg ikkje so vert her eit hus; og gjeng eg so gjev han systeri pengarne; og alt det eg hev gjort er til ingen nytte. Kva skal eg so gripa til? Det er som hovudet mitt vilde klovna! (gjev seg til arbeidet sitt).

(Matrøna kjem inn i lang kaape med stokk i handi og ein pose paa aksli).

Matrøna. Guds fred, vesle mor!

Anisja. (snur seg, kastar arbeidet og slær henderne saman av glede). Matrøna! Nei du kjem daa som du var kalla. Viste du ...

Matrøna. Kva er paa tids?

Anisja. Eg var nær ved aa gaa fraa vitet. Aa for ei vanlukke!...

Matrøna. Han liver enno, høyrer eg.

Anisja. Aa Gud fri oss for det liv! Vilde han endaa leggja seg til aa døy; men han kan korkje liva elder døy.

Matrøna. Han hev vel ikkje gjeve pengarne til nokon?

Anisja. Nett no bad han oss senda bod ett systeri. Det kan ikkje vera for anna en pengarne si skuld.

Matrøna. Me vite det. Berre han ikkje hev gjeve dei til andre?