Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/23

Denne siden er korrekturlest
23

som ikke skulde synes at vera meir ein Høfligheit og eit venlegt Øyra til politiske Krav;, det verdt stemplad som Republikanisme. Eg veit ikke om just det Ordet vardt brukad, men i den Retning gjekk det, ja det gjekk jamvæl nær in paa desse Ord under sama Thing i den Harro i Harringske Sak, at slike Folk maatte Riksstyret møta med „Krudt og Bly[1]“. Harring, vil det minnast, hadde skrivet „Testamentet fra Amerika,“ og han gav ut „Folkets Røst“ eit likso upraktisk Blad med republikansk Grunntanke, og for dette vardt han af Regjeringen landsforvisad eller rettare landsutkastad. Og daa der i Thinget af mange vardt ankad paa dette, daa var det, at Schweigaard kom med dette „Krudt og Bly.“

Ja, han hadde ein fint utviklad Sans for „Orden“ og „Autoritet“. Der var „Krudt og Bly“ for den som ikke var ærbødig mot desse Samfundets „Grunnpiller“; og om ikke eg i „vaar Politik“ har syndad mot „Orden“, og om eg berre har skjemtad med „Autoriteten“, so maatte han likevel hava gjevet Regjeringen Medhald, for den kastad meg ut, so vondt som dette ellers kunde hava gjor hans gode Hjarta.

Det gjeng fram af mangt f. Ex. Storthingstidenden for 1863 Side 883, at Schweigaards Tankar fingo „et overordentlig Chok ved Begivenhederne i 1848“. Det er vel knapt for myket sagt, at han mest var ængsteleg til Sjukdom for at sleppa in omstøytande Krefter[2]. Men

  1. I Storthings-Efterretningerne for 1851, Side 1102 stend feilagtigt „Staal og Bly“.
  2. Jamvel den ringe Sak, at Voteringerne i Hægsteretten skulde vera offentlege, stemplad han som „nye Rustkamre for Demagogiet“. St.-Eft. for 1851 S. 955.