Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/49

Denne siden er korrekturlest
49

Mann her og. Han segje nemleg blandt annat: — — „Saaledes har Forstanden ligesaamegen Øvelse ved at følge en systematisk gjenemført Lære om den mekaniske Ligevægt under alle dens forskjellige Former, som ved at anvende grammatiske Regler“ (Vidar No. 1 p. 4).

Eit Stig til, og han maatte hava sagt, at Schakspil vilde hava gjort sama Tenesta. Det var ikke gjengjet up for honom, at Tungemaalets Formler ero meir inderleg samvoksne med den menneskelege Tanke en mekaniske ja tilmed mathematiske Formler, som der meir er nokot for seg sjølv og ytre ved. Det gjeng med eit ut fraa meg sjølv det, som eg talar, og eg kan hava Tilsyn med (kontrollere) det gjenom alle Former og Uttryksmaatar. Spraaket er Mennesketankens mest naturlege Utstraaling, og derfor vil Studiet af denne vera det, som lærer Mennesket best at vita af seg sjølv og kjenna sine eigne Tankar. Og der er likeins Form og Tanke meir samvoksne en i nokon annan Vitenskap, so det kan vel ikke vera Tvil om, at Spraakstudiet er det, som best utviklar vaar Tanke og paa sama Tid fyller den med To (Stof). Og dei eldre Spraak med sine rikare utvordes Former maa vera betre for den mindreutviklad Tanken en desse nyare Tungemaal, det, Tankens Omskifte og særskilde Uttrykk meir ligg i det indre en i det ytre, og der Ordstillingen so tidt er komen istadenfor mekaniske Endelser og annat Formskifte i dei gamle Maal.

Schweigaard var alt i denne Unge Alder inne paa Naturtanken for dette Aarhundrad, og dermed godtgjorde han at vera in the van of intellect eller i Brodden af Tankesylkingen for si Tid. Tankens og Livets tinglege eller reale Krav braut in paa honom i Motsetning til dei