Side:Vinje - Skrifter i Utval 3.djvu/110

Denne siden er korrekturlest


Alt dette Vaarliv eg atter fekk sjaa,
som sidan eg miste.
Men eg er tungsam og spyrja meg maa:
tru det er det siste?
Lat det so vera: Eg mykit av vænt
i Livet fekk njota.
Meire eg fekk, en eg hadde fortent,
og Alting maa trjota.
Eingong eg sjølv i den vaarlege Eim,
som mettar mit Auga,
eingong eg der vil meg finna ein Heim
og symjande lauga.
Alt det, som Vaaren imøte meg bar,
og Blomen eg plukkad,
Federnes Aandir eg trudde det var,
som dansad og sukkad.
Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar
i Vaaren ei Gaata;
derfor det Ljod i den Fløyta, eg skar,
meg tyktest at graata.


Blomen min.


Der stod ein Blom inni Hagen min,
so fagert han voks og grodde;
han hallad med Hovud paa Stylken fin,
og Litirne lyste og glodde,
som Ungdom og Helse paa Barnets Kinn.

Men Bladi hans bleiknad for meg ein Dag,
fyrr vaksen han var og blømde;
eg vatnad og prøvad med alt det Slag,
men Livet fraa honom rømde:
dei visnad og visnad hans Andlitsdrag.